Àrinn starta som ein folkemusikkfestival i Kristiansand i 2005 og er no utvikla
til å ha fleire arrangement over heile landet, der musikk, faglege seminar og
kulturpolitiske
møte er ein del av konseptet. Dette året vert festivalen arrangert i høve Grieg-markeringa
i Bergen.
Laurdag 15. september blir det forum for utøvarar/ seminar, intimkonsert og jubileumsfest.
To nye tingingsverk blir presentert søndag 16. september saman med tingingsverka
til Árinn 2006, som er vel verd å høyre ein gong til.
NFD jubilerer og tek i den
samanhang eit blikk bakover og framover og inviterer til debatt om arbeidsmetodar
på seminar søndag før tingingsverkkonsert.
2007-08-13
Program ÁRINN 2007
NFD 20 år!
Laurdag 15. september
hotell Augustin, C. Sundtsgt 22, Bergen
1600 Forum for utøvarar/ seminar - å komponere i dag med inspirasjon frå tradisjonsmusikken
1900 Intimkonsert med Øivind Vabø
2000 NFD 20 år -mottaking og fest
Sundag 16. september
1300 Jubileumsseminar: tradisjonelt kunstområde - trengst nye arbeidsmetodar?
Seminar på hotell Augustin, C. Sundtsgt 22.
1600 Tingingsverkkonsert med Camilla Granlien, Ånon Egeland, Unni Løvlid, Per
Anders Buen Garnås og Hallgrim Hansegård med Andreas Ljones, Andreas Bratlie og
Øyonn Groven Myhren
Tingingsverkkonsert på Ricks, Veiten
3, Bergen
Meir informasjon finn du
her.
ÁRINN 07 blir arrangert i samarbeid med Grieg 07, Grieg septemberfestival og
folkemusikklubben Columbi Egg i Bergen.